Kvifor vaknar me med søvn i auga?

Du vaknar om morgonen og gnir deg i auga. I augekroken ligg det nokre små klumpar. Har du lurt på kvar dei kjem frå?

Mange kallar det augesøvn. Nokon seier gørr. Uansett namn: Dei fleste av oss får litt av det. Men kva er det eigentleg?

Auga lagar tårer heile døgnet. Tårene held auga fuktige og hjelper til med å skylja bort støv, skit og andre små partiklar.

Når du er vaken, blunkar du mange gonger i minuttet. Kvart blunk fungerer nesten som ein liten vindaugsviskar som fordeler tårene over auget. Overflødig tårevæske renn gjennom små opningar i augekroken og vidare ned i nasen.

Auga lagar også slim, og små kjertlar i augelokka lagar feittstoff som hindrar tårene i å fordampa for fort. Augesøvn er ei blanding av slim, tårer, feittstoff, døde hudceller og andre små partiklar.

Når du søv, blunkar du ikkje. Då blir ikkje denne blandinga skylt bort på same måte som om dagen. I staden samlar ho seg i augekrokane. Noko av væska fordampar, og resten kan tørka til dei små klumpane du finn om morgonen.

Kva farge har augesøvn?

Vanleg augesøvn er som oftast kvit eller lys kremfarga. Han kan vera tørr og hard eller litt mjuk og klissete, alt etter kor mykje væske som har fordampa.

Gul eller grøn væske frå auget er ikkje vanleg augesøvn. Det kan vera teikn på at auget er irritert eller har fått ein infeksjon.

Når bør ein reagera?

Litt augesøvn om morgonen er heilt vanleg. Men viss det kjem mykje meir enn vanleg, eller væska er mørkegul, grøn eller svært klissete, bør du seia frå til ein vaksen.

Det same gjeld dersom auget blir raudt, hovent eller vondt, augelokka blir limte saman, synet blir uklart eller det gjer vondt å sjå mot lys.

Kjelder: Store medisinske leksikon, Helsenorge.no