– Gjennom barndommen opplevde eg mange flaumar

I boka Flaumen møter me Finn, Jon og Vanja midt i eit ekstremvêr som trugar både heimar, tryggleik og framtid. Forfattaren har sjølv opplevd store flaumar – og henta inspirasjon frå verkelege hendingar då han skreiv den dramatiske historia.

Framtida Junior har snakka med Sigmund Løvåsen om kva som skjer når naturkreftene blir så sterke at ingen klarer å stoppa dei. I boka Flaumen må Finn og vennene hans handtera både stigande vatn, redsel og store val. Samtidig prøver dei å gjennomføra ein heilt spesiell redningsaksjon: «Operasjon Olga».

Korleis fekk du idéen til denne historia?


Eg har vakse opp ved Trysil-elva, og gjennom barndommen opplevde eg mange flaumar. Om vinteren vart elva oppdemt av is, som førte vatnet innover jorda våre. Om våren var det også ofte flaum når all snøen i fjella smelta.

Under Vesleofsen, ein stor flaum i 1995, vart skulen stengd fordi vegane dit stod under vatn. Slektningane våre på nabogarden vart isolerte. Dette er opplevingar eg har hatt med meg i skrivinga. Eg har også henta inspirasjon frå nyare flaumar, slik som ekstremvêret «Hans», som skapte flaum over store delar av Austlandet for nokre år sidan.

ILLUSTRASJON: Kristoffer Kjølberg

Kvifor ville du skriva ei bok om flaum og naturkrefter?


Store flaumar er overveldande og det er så store krefter i sving. Krefter som menneske ikkje alltid klarer å kontrollera eller gjera noko med. Det fasinerer meg. Og slike situasjonar får fram nye sider hos barn og vaksne. Dei viser avmakt, blir redde. Nokre får ekstra krefter og gjer ting dei ikkje trur dei tør eller klarer.

Og så viser det seg ofte at det beste er å stå saman, vise samhald, ta vare på kvarandre. Også med folk ein elles ikkje har noko med å gjera. Det syns eg er fint å vise. Slike flaumar og ekstremvêr blir jo dessverre meir vanleg framover.

Finn er veldig bekymra for faren og framtida deira. Kvifor var det viktig for deg å vise dette i boka?

Dei driv ein campingplass ved elva, der dei også bur i to campinghytter som er kopla saman. Faren har hatt trøbbel med å finne seg jobbar han klarer å halde på. Men på campingen har dei endeleg landa og budd nokre år. Tidlegare har dei flytta mykje rundt. Så for Finn er det ikkje berre det at campingen er truga av vatnet – heile det trygge og meir stabile tilværet han og far hans har hatt dei siste åra er truga. Må dei flytte igjen, er han redd livet raknar.

Eg har villa vise fram barn som lev ganske ulike liv, men som likevel finn saman. Vennen Jon lev trygt på ein stor gard oppe i lia med to foreldre. Finn og Vanja lev meir utsette liv nede på campingen. Vanja er kanskje mest utsett, ho bur i lag med mora i ei campingvogn som faren kjøpte til dei før han stakk. Der er det berre Jon og barnevernet som er på besøk. Også i ei lita bygd finn ein dette spennet i korleis ein lever liva sine, og kva tryggleik ein har eller ikkje har. Det ville eg syna i boka.

ILLUSTRASJON: Kristoffer Kjølberg

Kva slags gut er Finn – og trur du mange barn vil kjenna seg igjen i han?

Sjølv om det ikkje er så mange som bur på ein campingplass, så vil nok mange kjenna seg igjen i han. Han har ikkje mange vener, men er ikkje einsam. Han leiker med Jon og Vanja, og baler med tankar om korleis han best skal handtera ulike situasjonar for ikkje å miste dei to vennene. Han har levd eit litt omflakkande og ustabilt liv nokre år, og er kanskje av den grunn litt meir bekymra enn andre. Han er ein litt forsiktig gut, men når det først gjeld, er han modig som berre det.

Finn og vennene startar «Operasjon Olga». Korleis fann du på denne redningsaksjonen?

Det er Finn og Jon sitt mål å redde noko under flaumen, helst slik at dei kjem på TV og i avisa. Men dei veit ikkje heilt kva. Eigentleg vil Finn redde campingplassen, men der er det ingenting dei kan gjera for å stoppa vassmassane. Dei leiter ei god stund før dei finn ut at dei skal redde den daude bestemora til Jon. Korleis det går, skal eg ikkje røpa her.

ILLUSTRASJON: Kristoffer Kjølberg

Jon og Vanja er også viktige i historia. Kva betyr vennskapet mellom desse tre karakterane for handlinga?

Jon er den som kjem med idear til ting dei skal gjera, medan Finn meir heng med, så Jon er absolutt viktig for mykje av det som skjer. Men dei får ikkje fart i sakene før dei involverer Vanja. Ho er to år eldre, sterk og rask. Frå start er ikkje Jon og Vanja vener, og Jon er heller ikkje så interessert i det. Men eg tykte det var fint å vise korleis ei dramatisk hending som ein tusenårsflaum, og ein litt underleg redningsaksjon, kunne føre folk saman.

Var det noko i boka som var ekstra spennande eller vanskeleg å skriva?

Eg legg sjeldan ein plan for heile handlinga frå start. Så den mest spennande tida i skrivinga er når eg famlar meg fram i retningar eg ikkje hadde sett føre meg. Då kan det dukka opp karakterar eg ikkje trudde skulle kome, eller redningsaksjonar eg aldri hadde tenkt eg skulle skrive om. Det er fint når ein kan bli overraska over kor eigne tankar kan føre ein.

Kva håpar du barn og unge sit igjen med etter å ha lese Flaumen?

Først og fremst håpar eg dei synest boka er spennande og morosam, at dei opplever glede ved å lese forteljinga mi. Og så håpar eg dei vil tenkja på kva det kan bety å ha gode vener, å vera ein god ven, og at det er fint å vera vener med litt ulike folk.

ILLUSTRASJON: Kristoffer Kjølberg

Når du skriv: Korleis jobbar du?


Det er ulikt frå bok til bok. Denne boka har eg jobba med i eit par år. Eg har skrive ei veke, lagt det bort medan eg jobba med andre ting i ein månads tid, og så skrive nokre dagar igjen. Det kan like gjerne kome idear til hendingar eller karakterar når eg går i skogen som når eg sit ved pc-en. Nokre gonger er ideane blindspor, og eg må stryka fleire kapittel og finne ein anna veg med nye karakterar. Då er det godt å ha dyktige redaktørar på Samlaget som kan lese og gi råd.

Kva likte du aller best å lese då du sjølv var barn?


Eg likte veldig godt dei heilt realistiske bøkene til Anne Cath Vestly, mellom anna dei om Ole Aleksander Fillibom-bom-bom. Men også meir sprelske og fantastiske bøker, som dei til Roald Dahl. Mitt sterkaste leseminne frå barndommen er då mor og far min las «Danny og den store fasanjakta» høgt for meg. Ho har eg lese på nytt for eigne barn, og det er framleis ein favoritt.