Det er spesielt mødre som er bekymra for at barna deira slit psykisk, skriv NTB. Å slite psykisk vil seie at vonde tankar og følelser som redsle og tristheit, gjer at ein ikkje har det bra over tid.
– Det er ikkje lett å vite korleis det eigentleg er å vere ung i dag. Og det er ikkje lett å spørje heller, skriv Mental Helse Ungdom.
No startar Mental Helse Ungdom Foreldrechatten. Dette er ein chat der foreldre kan stille spørsmål om det å vere ung, utan å oppgi namn eller anna informasjon.
Dei som svarer foreldra vil vere frivillige 16-17-åringar som naturlegvis veit korleis det er å vere unge. Svara vil vere korte og basert på eigne opplevingar, står det Mental Helse Ungdom sine sider.
Målet er å gi eit innblikk i korleis unge og ungdom har det, og kanskje gjere det lettare for foreldre og unge å forstå kvarandre.
Foreldrechatten opna 20. mai og er open onsdagar mellom klokka 10 og 12 i tida framover.






















