Britane bruker meir fornybar energi grunna krigen i Iran

I Storbritannia blir det brukt mykje fossilt brensel til oppvarming av hus. På grunn av krigen i Iran har prisen på fossilt brensel blitt svært høg, noko som har ført til at britane har teke i bruk meir fornybar energi.

No har det vore krig i Iran sidan 28. februar. Som følgje av denne krigføringa har prisane på fossilt brensel blitt høgare. Fossilt brensel er brennbart brensel som finst i jordskorpa, som til dømes olje, naturgass og kol. Slik type brensel er ikkje fornybar og det er skadeleg for miljøet å bruke han.

Mykje av det fossile brenselet i verda, blir produsert i Iran og andre land i Midtausten. Grunnen til at krigen gjer at prisane på fossilt brensel stig, er at det blir vanskeleg å kjøpe fossilt brensel frå desse landa. Vidare gjer dette at det fossile brenselet andre land i verda faktisk har tilgang på, blir enda meir verdifullt og dyrare.

Dette har vi nordmenn merka ved at det har blitt dyrare å fylle bensin og diesel på bilen. I Storbritannia har dei høge prisane på fossilt brensel også gjort det dyrare å varme opp bustader.

Oppvarming

I Storbritannia brukar nemleg størsteparten av innbyggjarane naturgass for å få varme i heimane sine. Naturgass er ein type fossilt brensel.

Mange britar varmar altså opp husa sine ved varme opp vassbehaldarar ved å fyre med naturgass. Vatnet går deretter rundt i røyr og radiatorar (omnar med vatn inni) som varmar opp heimen. No har denne måten å varme opp husa på blitt litt mindre vanleg på grunn av krigen i Iran.

Fornybar energi

Dei høge prisane på fossilt drivstoff har gjort at mange har skaffa seg solcellepanel for å spare pengar, skriv britiske myndigheiter i pressemelding.

Trass i at denne utviklinga kjem som eit resultat av ein forferdeleg krig, er britane positive til den stigande interessa for solcellepanel. Dette fordi at bruk av solcellepanel bidreg til meir fornybar energi, noko myndigheitene jobbar for at det skal bli meir av i Storbritannia.

Solcellepanel samlar energi frå ljoset i sola og gjer det om til elektrisitet, som til dømes kan brukast til å varme opp hus.

I motsetnad til i Storbritannia varmar vi i Noreg først og fremst opp hus med elektrisitet vi får frå straumnettet. Straumen frå dette nettet er stort sett produsert av vasskraft og vindkraft, noko som gjer han 100 prosent fornybar.