No får vi meir straum frå fornybar enn fossil energi

I over 100 år har kolenergi vore den største kjelda til straum i verda. No viser nye tal at fornybar energi er den største straumkjelda.

Dei aller fleste menneske brukar på jordkloda bruker straum til mange forskjellige ting kvar dag. Vi bruker straum til alt frå å lade mobilen og sette på oppvaskmaskina til å ta heis og lade bilen.

Kolenergi har vore den viktigaste og største straum kjelda i verda sidan 1919, men no har dette endra seg. Nye tal viser at vi på verdsbasis no får vi mest straum frå fornybar energi, skriv Verdens Bedste Nyheder.

Fossil energi

Kolenergi, også kalla fossil energi, er elektrisitet som kjem frå at ein brenner kol. Naturen bruker veldig lang tid på å lage kol, så dette er difor ikkje ei fornybar energikjelde.

Samstundes bidreg gruvearbeidet som må til for å finne kol, til forureining av miljøet. I tillegg fører sjølve brenninga av kolet til store utslepp av klimagassen karbondioksid.

Her ser vi solceller som er ein del av eit solkraftverk. Foto: American Public Power Association / Unsplash

Klimagassar bidreg til global oppvarming og gir klimaendringar. Fossil energi er altså dårleg for klima og miljø.

Fornybar energi

Fornybar energi er energikjelder som naturen lagar på nytt heile tida. Når ei slik kjelde blir teke i bruk går ho aldri tom og bra for klima og miljø.

Døme på fornybar energi er solenergi – energi henta frå sola. Solenergi den viktigaste fornybare energikjelda på verdsbasis. Solenergi fungerer mellom anna på den måten at ein gjer om energien frå sollyset til straum i solkraftverk.

Eit anna døme er vasskraft. Energi frå vatn blir laga ved hjelp av rennande vatn som driv ein turbin – eit slags hjul – rundt og rundt. Denne rørsla lagar energi og straum. I Noreg er vasskraft ei viktig energikjelde sidan vi har så mange fossar. 

Her ser vi døme på eit vasskraftverk. Foto: Da-shika / Unsplash