Stolte av å spele framfor Slottet 17. mai

Korleis hadde vel 17. mai vore utan korpsmusikk? Aksel, Ingeborg og Janek er blant dei som sørger for at vi slepp å finne ut av det.

Barnetoget i Oslo
  • Består av omtrent 30 000 elevar frå 120 skular.
  • Over 70 korps deltek i toget.
  • Barnetoget i Oslo 17. mai har vore tradisjon sidan 1870.
  • I det aller første barnetog deltok 1200 barn og alle saman var gutar.
  • Frå 1889 fekk også jenter delta i barnetoget.
  • I 1902 deltok det første skulekorpset i barnetoget.
  • I 120 år – sidan 1906 – har det vore tradisjon at kongefamilien helsar på barnetoget frå slottsbalkongen.
  • Det er berre under andre verdskrig (1940–1945) og under koronapandemien (2020–2021) at det ikkje blitt arrangert barnetog i Oslo 17. mai.

Kjelde: Kongehuset.no

LES FAKTALUKK FAKTA

Aksel (11), Ingeborg (16) og Janek (10) er musikantar i Karlsrud skoles musikkorps. I dette korpset spelar nesten 80 barn og unge frå to skular i bydelen Lambertseter i Oslo. Det gjer korpset til eitt av Noregs største.

Annakvart år spelar Karlsrud skoles musikkorps i toget som går lokalt i bydelen Lambertseter, og i barnetoget som går i Oslo sentrum. I år skal dei spele i sentrum. Det vil seie at dei skal spele i det store 17. mai-toget som går framfor slottet.

– Vi føler oss stolte over å spele i toget 17. mai, seier Janek som spelar saksofon i korpset.

Aksel som spelar trommer og Ingeborg som spelar trombone, er samde med Janek, og fortel at det er veldig gøy å spele i korps 17. mai. Men det kan også vere utfordrande.

Aksel, Ingeborg og Janek under loppemarknaden som blir arrangert til inntekt for skulekorpset. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Støttar kvarandre

Her ser vi Ingeborg med korpsuniform med trombona ho spelar i korpset. foto: Privat

Det hender nemleg at dei tre musikantane blir nervøse, men då finn dei tryggleik i kvarandre.

– Vi hjelper kvarandre og støttar kvarandre slik at vi alle får ei god oppleving, fortel Ingeborg.

Å spele instrument samstundes som ein skal gå framover i takt, kan nemleg vere utfordrande og det hender at ein kan kome ut av det.

– Det er eit veldig fint korps der ingen blir sure på deg om du til dømes går litt feil, seier Janek.

No tykkjer dei tre musikantane rett nok at det begynner å bli lett å marsjere samstundes som at dei spelar. Dette er fordi dei har vore med i korpset fleire år – Aksel har vore med i fire år, Ingeborg i ni og Janek i tre.

– Det er berre å øve mykje, så går det stort sett bra, seier Aksel før Ingeborg forklarer korleis ein held takta:

– Ein må lytte nøye til musikken for å klare å gå i takt. Vi høyrer på trommene og når dei spelar det som heiter 1-slaget, skal vi trå med venstre fot.

I korpset spelar Janek dette instrumentet kalla saksofon. Foto: Pixabay

Varmt med uniform

Men det er ikkje berre nervane og takta som kan vere utfordrande for korpsmusikantane, men også vêret.

– Om det er veldig varmt, kan det bli tungt å spele i toget, sidan uniformane våre er varme og vi beveger oss og konsentrerer oss heile tida, fortel Aksel.

Dei tre musikantane fortel lattermildt ei episode frå 17. mai-toget for nokre år sidan. Då var det så varmt at hovudkorpsleiaren Jostein Starrfelt måtte spraie dei i ansiktet med vatn for at dei skulle halde seg avkjølte.

– Blir det like varmt i år tek vi ikkje på uniformsjakka, men går berre i skjorta. Kongen får tole det, seier Jostein.

Før spelte Aksel horn i korpset. No spelar han trommer. Foto: Privat

Uansett om det blir varmt eller kaldt, er 17.
mai ein lang dag for Aksel, Ingeborg, Janek og dei andre musikantane i Karlsrud skoles musikkorps. Dei må nemleg opp tidleg på morgonen for å møtast på skulen. Der er det flaggheising medan trompetistane i korpset spelar. Etterpå spelar heile korpset nasjonalsongen og Norge i raudt hvitt og blått, før dei reiser samla inn til Oslo sentrum der dei skal vere klare for avmarsj klokka 10.

Etter å ha vore med på å fylle Oslos gater med lystig korpsmusikk, er det tradisjonen tru is, brus og pølser som står for tur. Dette er ei avslutning på eit gøy og krevjande speleoppdrag, dei tre musikantane set stor pris på.

 

Skulekorps og barneskuleelevar fyller Oslos gater 17. mai. Dette bildet viset 17. mai-toget i fjor. Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB