Eurovision-låtar slit på Spotify

Strøymetala til Eurovision Song Contest-låtar i år er mykje lågare enn før. No fryktar ekspertar at interessa for konkurransen er på veg ned.

I april 2026 vart den mest populære Eurovision-låta spelt rundt 6,6 millionar gonger på Spotify. Det var italienske Sal Da Vinci si låt «Per Sempre Sì». Til samanlikning vart ei av dei mest populære låtane i 2024 spelt heile 13,6 millionar gonger i same periode, skriv VG. Det var Joost Kleins «Europapa» – Nederland sitt bidrag.

Totalt er strøymetala for låtane i år nesten halverte, sjølv om det berre er litt færre land som deltek enn før.

– Det er verkeleg elendige tal. EBU burde bli bekymra, seier Eurovision-ekspert Tobbe Ek i svenske Aftonbladet.

Han meiner at dei må laga veldig populære songar for at folk framleis skal bry seg om konkurransen.

Manglar store hittar

Tidlegare år har fleire Eurovision-låtar vorte populære over heile verda. I 2023 vart til dømes låtar som «Tattoo» og «Cha Cha Cha» store hittar før finalen.

I år er det ingen låt som har slått like godt an.

Kan ha fleire årsaker

Det er fleire grunnar til at færre høyrer på låtane. Nokre land har valt å boikotta konkurransen, mellom anna på grunn av usemje om kven som får delta.

Dette kan ha ført til mindre interesse, færre fans og mindre omtale i media.

Andre moglege forklaringar er kva låtar som er valde, korleis musikk-appar tilrår songar, og kva som skjer i verda elles.

Likevel håpar arrangørane at interessa kan ta seg opp når konkurransen nærmar seg.

Lyttar du til Eurovision-låtar?

Lyttar du til Eurovision-låtar?

Ofte.0
Av og til.2
Sjeldan.2
Aldri.1
Svar totalt: 5