Pluto
- Pluto er ein sjettedel av størrelsen til jorda og Månen.
- Pluto er den største dvergplaneten i solsystemet.
- Pluto er dekt av is.
- Det høgaste fjellet på Puto er 3500 meter høgt.
- Avstanden mellom Pluto og Sola er omtrent 40 gonger så lang som Jordas avstand til Sola.
- Pluto går i bane rundt Sola og bruker 248 år på éi runde.
- Pluto har fem månar.
Kjelde: Vesle norske leksikon
Fram til for 20 år sidan blei Pluto rekna som ein planet. Han var då den niande og ytste planeten i solsystemet vårt.
Men i 2006 blei det besetmt at Pluto skulle kallast ein dvergplanet. Det er ein liten, rund himmellekam som går i bane rundt Sola. Til forskjell frå planetar deler dvergplanetar banen sin rundt sola med andre himmellekamar.
Den Internasjonale Astronomiske Union (IAU) bestemte at Pluto ikkje lenger skulle reknast som ein planet då det blei oppdaga andre himmellekam med nesten same størrelse i nærleiken.
Endringar kan skje i 2027
No vil den nye sjefen i den amerikanske romfartsorganisasjonen Nasa, Jared Isaacman, at Pluto skal bli planet igjen, skriv NRK.
Akkurat kvifor Isaacman ønskjer dette er foreløpig ikkje heilt tydeleg, men han har begynt å jobbe med grunngivinga si.
Det er rett nok berre den Internasjonale Astronomiske Union (IUA) som kan bestemme at Pluto skal bli planet igjen. Dette kan skje først i 2027.























