I helga var det duka for det årlege maratonløpet i London. Det er eit løp på den fastsette maratondistansen på 42,195 kilometer og går gjennom gatene i London.
I år kunne Sebastian Sawe feire ekstra då han kom i mål. Ikkje berre vann han heile maratonløpet, men han tok ein historisk verdsrekord ved å springe distansen på under to timar. Dette har ingen gjort før, skriv NewsForKids.net.
Sebastian Sawe brukte i snitt 2 minutt og 50 sekund per kilometer han sprang. Det vil seie at han i snitt sprang over 21 kilometer i timen.
Det var avdøde Kevin Kiptum frå Kenya som hadde den førre verdsrekorden i maratondistansen. Verdsrekorden hans var på 2 timar og 35 sekund.
Fleire slo rekordar
Det var ikkje berre Sebastian som klarte å springe maraton på under to timar under London maraton. Etioparen Yomif Kejelcha sprang på 1 time, 59 minutt og 41 sekund og kom på andreplass.
I tillegg vart det teke kvinneleg verdsrekord under løpet. Han blei sett av Tigst Assefa frå Etiopia som sprang maratondistansen på 2 timar, 15 minutt og 41 sekund.
Det vil seie at ho i snitt brukte 3 minutt og 14 sekund per kilometer, som svarer til 18,6 kilometer i timen.























