Rekordvarmt i Australia

Ein by som ligg vest i Australia registrerte denne veka ein temperatur som er like høg som den nasjonale varmerekorden.

Og kva er den, lurer du på? 50,7 grader.

Det er varmt, det!

Rekorden vart regisrtert i nærleiken av Onslow-flyplassen, som ligg i byen Onslow på vestkanten av Australia, skriv The Guardian.

Varmaste på 62 år

Ifølgje «Bureau of Meteorology», som har samla data på temperaturar i Australia heilt tilbake til 1910, kjem det fram at det berre to gonger tidlegare blitt registrert liknande temperaturar «Down Under».

Dei dagane kom rett etter kvarandre i 1960. 50,7 grader vart registrert 2. januar 1960, før temperaturen sank til 50,3 grader 3. januar.

Det gjer torsdag 13. januar til den varmaste dagen i Australia på 62 år.