Taylor Swift
- Ein av verdas mest populære artistar.
- Ho er kjent for å lage musikk i sjangrane country og pop.
- Dei mest kjente songane hennar er Love Story og Shake It Off.
- Taylor Swift kjem frå USA og er 36 år gamal.
Kjelde: Vesle norske leksikon
LES FAKTALUKK FAKTA
Taylor Swift vil varemerkebeskytte stemma si fordi ho er redd for at folk skal misbruke henne i videoar og songar laga med kunstig intelligens, melder NRK.
Å varemerkebeskytte ei stemme betyr at ein er den einaste som har rett til å bruke stemma. Om andre brukar stemma, vil det vere ulovleg og dei kan få straff.
Det er fleire artistar og skodespelarar som fryktar å bli misbrukte i KI-innhald no. Dette kjem av at det er blitt så enkelt å gjenskape stemmer ved å berre leggje inn korte lydopptak.






















