Queen Petrine og rumpetrolla

Queen Petrine er ein serie skrive for Framtida Junior av Tonje Noréa Gauden og illustrert av Karina Junker Larsen. Dette er del 6.

– Til turdagen i morgon må alle ta med det vanlege, som er? Spør Ågot-lærar.

– Niste? Regnkle? Sjokkis? Energidrikk? Mobil? Gaukar klassen.

– Riktig, minus dei tre siste, seier Ågot, før ho avslører den sjukaste planen eg har høyrt i mitt tolv år gamle liv. – Hugs ein tett plastboks. Me skal fanga rumpetroll.

– Rumpetroll? Sa du; fanga rumpetroll?
Eg sprutar ut i latter. For ein rar ting å seia. Dårleg vits av Ågot, men godt å vera den som ler fyrst og best.

Illustrasjon: Karina Junker Larsen

– Roleg! Eg har søkt og fått tillating frå miljødirektoratet og skal laga klart akvariet i dag. Rumpetrolla får det trygt og fint her, seier Ågot, og bles støv av den øydelagde globusen som var akvarium for gullfiskane våre i fjor. Heilt til det vart hol i Antarktis, og fiskane enda livet under kateteret.

– Når rumpetrolla mistar halane og får bakbein set me dei ut igjen. Ågot ser dønn seriøs ut. Ho er ikkje god på sprø, skummel humor til vanleg. Dette høyrest ut som eit oppdrag på ein trollmannskule. Flaks for Ågot at ho har meg, som kan redda ho frå den teite lærarspøken.

– Ai-ai, kæpten! Skal eg ta med nørfen min til å skyta dei med? Spør eg og late-skyt med fingrane. – Piu, piuu!
Atten par auge ser sjokka på meg.

– Men korleis skal me liksom fanga dei der trolla? Med håv?
Eg ser for meg eit bavianliknande troll med stor, rosa rumpe, oppi ein svær håv.
– Ja, sjølvsagt, svarar Ågot. Ho verkar faktisk irritert over spørsmålet.  – Ein håv til kvar.
– Adios!
Med ape-rumper i hjernen og spørjeteikn i auga går ut eg etter Simon og Abdi.

– Kva skulle me gjort utan deg, Queen Petrine? humrar Simon, og klaskar meg på skuldra. – Skyta rumpetroll med nørf, liksom?
Abdi ser skuffa på meg.
– Det er faktisk dyreplageri å skyta dyr du ikkje skal eta, seier han.
Abdi, av alle, han er jo eit ærleg wikipedia på to bein. Kvifor er han med på spøken til Ågot?

– Men eg meinte jo ikkje..! Vent …er rumpetroll dyr?
Eg blunkar som ein dum frosk. No er eg lei. Når skal dei avsløra at alt berre er tull?
– Åh, amfibium då! Når vart du nøye på artar og sånt? Abdi ler oppgitt.
Amfibium, ja. Det forklarar jo alt. Eg piler bort i SFO-hagen, til nasekos frå verdas søtaste og mest sandete veslesyster.

– Veit du kva læraren min sa i dag? Me skal fanga rumpetroll! Med håv?! Var ikkje det rart? seier eg. Hennie ristar på hovudet så museflettene krasjar.
– Å, søte jompetjoll, ujettfejdig! Eg og viiil! kvin ho. – Kan eg halda dei, Petjine? Plis, plis, pliiiis?

Ok, systera mi har ikkje peiling på farlege ting. Ho synes alt er søtt, til og med troll. Godt ho har ein 7.klassing med smarte briller til å ta vare på seg.
– Men ikkje fjoskane. Dei ej ekle, legg ho til, og knugar handa mi.

– Froskane? Eg ser på ho. Brått renn teikningar frå naturfagboka inn i hovudet.
Rumpetroll, vassliljer og froskar sym rundt. Eg raudnar, og tårene nærmar seg. Kvifor nemnte ikkje Ågot froskane? Raskt dreg eg inn snørret og knepper handa til Hennie.

– Åh, pollenallergi er noko drit! seier eg.
– Ikkje lov å sei djit! Svarar ho, og peikar strengt på meg med ein regnboge-farga einhjørning.
– Regnboge-driihihit, vrinskar eg.
– Kan jumpetjoll fly til nojpolen? spør ho.

– Berre viss Ågot brukar feil del av akvariet, svarar eg, og ser for meg eit tog av rumpetroll som kravlar ut av globusen. Får dei bein, er dei jorda rundt før Ågot får sagt eit kvekk. Eg tar med gaffa-teip i morgon. Ein jordklode som lek er ikkje bra for nokon.

– Eller dei kan ri på fjoskane, svarar Hennie og me sprett heimover.
Av og til forstår ho ikkje eit kvekk, tenker eg og smiler. Heldigvis.

Les fleire historiar i serien om Queen Petrine her!