Jordskjelv på Austlandet: Det kraftigaste på over 20 år

I helga vart mange nordmenn overraska av eit jordskjelv. Sist det var eit så kraftig jordskjelv i Noreg var i 2004 - eit skjelv med ei styrke på 3.8.

Sundag morgon skjedde det eit jordskjelv nord for Oslo. Skjelvet hadde ei styrke på 3,6.

HER kan du mellom anna lese meir om kva det vil seie at eit jordskjelv har ei styrke på 3-3,9.

Ifølgje det norske overvakingsorganet Norsar er det sjeldan med jordskjelv sterkare enn 3 i austlandsområdet, skriv NRK.

Det var mange som merka skjelvet sundag morgon. Ristinga gjorde mellom anna at det klirra i porselen, vibrerte i gjenstandar og ein kunne høyre ein djup brummelyd.

Det har rett nok ikkje skjedd noko skadar verken på bygningar eller menneske som følgje av jordskjelvet.