Kva er eit jordskjelv?

7. november var det fleire som merka at huset rista og lampane skrangla rundt Bergen. Dagen etter var det eit mindre skjelv like ved Florø. Sundag var det eit stort jordskjelv i Iran.

Jordskjelvet i Iran var eit stort skjelv med over 328 døde. I Noreg har me heldigvis ikkje slike farlege skjelv.

Berit Marie Storheim ved Universitetet i Bergen fortel kva jordskjelv er:

– Du kan samanlikne jorda med ei appelsin. Når du skal skrelle ei appelsin vert skalet delt opp i mange store og små bitar. Så set du alle bitane på plass att. Dersom du no flyttar litt på ein bit vil andre bitar flytte seg litt og. Jordaskorpa er inndelt i slike bitar eller jordskorpeplater, og dei kolliderer nokre stader, og går vekk frå kvarandre nokre stader. Då får ein jordskjelv.

– Er det noko å vera redd for?

– Viss du bur i Noreg, er ikkje dette noko å vera redd for.

Kan me får alvorlege jordskjelv her i Noreg?

– Sidan Noreg ikkje ligg nærme ei slik plategrense, er det ikkje noko å tenkje på. Men rundt Stillehavet, til dømes i Japan, er det ei slik plategrense.

Er det jordskjelv ofte her i landet?

– Om me tenkjer på heile landet vårt, pluss Svalbard, Jan Mayen, Nordsjøen og havområda rundt oss, har me skjelv kvar dag. Men, det er svært få av desse som er nærme land. Det er ei plategrense i Atlanterhavet der platene beveger seg frå kvarandre, og me registrerer flest skjelv frå denne plata.  

– I Noreg har me mange ord for snø. Til dømes sludd, våt snø, kram snø, eller hagl. Me har sjeldan jordskjelv, så me har berre eitt ord for det. Viss du reiser til Sør-Ameria har dei eitt ord for snø, men mange ord for jordskjelv.

Kva skal me gjere om det kjem jordskjelv?

– Her i Noreg lærer me om kva me skal gjere i dårleg vêr. I andre land lærer dei om kva dei skal gjere om det kjem eit jordskjelv. Dei lærer at dei må gøyme seg under under eitt bord, under senga, eller stå i døropninga der huset er sterkast bygd.

Kva gjer dei som bestemmer i landet for at me skal vera trygge?

– Noreg er eit rikt land, og me kan bygge hus som tåler jordskjelv. Me har vegar som tåler mykje, og me har varsling som gjer at alle får beskjed om det er noko alle treng vite.