Dessertverdsrekord: Laga 440 meter lang tiramisu

I helga samla hundre italienske kokkar seg i London i Storbritannia for å forsøke å slå tiramisuverdsrekorden. Det resulterte i ein tirmasu som var lenger enn fire fotballbaner

Tiramisu
  • Tiramisu er ein italiensk dessert som består av fleire lag med kjeks og krem og er pynta med kakaopulver på toppen.
  • Ingrediensane i desserten er mellom anna ein kjeks kalla ladyfingers, ein ost kalla mascarpone, kaffi og eggedosis.

Kjelde: Store norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Den førre verdsrekorden i lengste tiramisu blei sett i Milano i 2019. Desserten måla då 273,5 meter.

Under årets verdsrekordforsøk måtte kokkane lage tiramisuen frå botnen av på staden der verdsrekorden skulle setjast. Det einaste dei kunne førebu seg med var ingrediensane; dei hadde mellom anna med seg 50 000 ladyfinger-kjeks og 3000 egg. 

Tiramisu-desserten måtte vere minst 8 centimeter høg og 15 centimeter brei. Etter to dagar med arbeid hadde dei hundre italienske kokkane laga ein 440,6 meter lang tiramisu, skriv BBC.

Mannen bak den nye verdsrekorden heiter Mirko Ricci og sette verdsrekord i lengste tiramisu i 2017, før han vart slått i 2019. I helga fekk han endeleg revansje og tok tilbake verdsrekorden.

TIRAMISU: Slik kan den italienske desserten tiramisu sjå ut om du bestiller han på restaurant. Foto: Pixabay