Den britiske avisa The Guardian har undersøkt kor vanleg det er at barn viser fram kva hudpleierutiner dei har på TikTok.
Avisa såg på 7200 tilfeldige videoar som omhandla hudpleie. Av desse videoane var 1000 laga av eller med barn og unge under 18 år. 400 var laga av eller med barn under 13 år. Minst 90 av desse videoane viste hudpleie på barn under fem år.
Hudlegar kan fortelje at barn ikkje treng hudpleierutinar med fleire steg. Det er heilt normalt for barn å ha hud som ikkje er heilt jamn – på huda vil det dukke opp flekkar, prikkar og kviser utan at dette er noko ein skal starte med hudpleieprodukt for.
- Les meir: Hudpleie for barn: – Kan vera farleg
Utnyttar barn
The Guardian fann også tilfelle der barn har fått sponsa produkt – altså fått produkt gratis – for å snakke om dei i videoar. Dette er mellom anna produkt som er meint for rynkete hud, altså ikkje for huda til barna som reklamerer for produktet.
Når barn dukkar opp på videoar i sosiale medium, fører det til meir engasjement og sjåarar, noko som kan vere grunnen til at hudpleiemerke bruker barn til å reklamere for produkta sine.
Den britiske politikaren Victoria Collins er bekymra for at barn blir utnytta av store merkevarer på nett, då dei ikkje har lover og regler som beskyttar dei.
- Les også: Populært hudpleieprodukt blir forbode






















