Gimsøy ungdomsskule i Skien opplevde at doane ikkje blei brukt til berre det dei skulle brukast til. Elevar gjorde hærverk, forsøpla og «vapa» inne på toaletta. Å «vape» betyr å røyke e-sigarett og noko det er 18 års aldersgrense på.
No har skulen innført lås som berre kan opnast med ei kodebrikke, på skuletoaletta. Dermed blir alle dobesøk registrert, skriv NRK Vestfold og Telemark.
God effekt

Ifølgje skulen har ordninga hatt god effekt. Lærarane opplever no betre ro i klasseromma – elevane går sjeldnare ut av timane og det er lettare for læraren å ha oversikt.
Rektor peiker på at målet ikkje er å kontrollere elevane, men å skape eit betre læringsmiljø.
Elevar ved skulen meiner ordninga fungerer fint og at det har blitt koselegare å gå på do.

Utfordrar personvern
Likevel åtvarar ekspertar om at denne typen overvaking kan før til personvernproblem og få følgjer for elevar si helse og trivsel.
– Det å vite kor mange gonger nokon går på do, kan ha noko med helsa å gjere. Ein kan jo ha blærekatarr eller andre utfordringar.
Det seier jussprofessor Malgorzata Agnieszka Cyndecka til NRK. Ho legg til at overvakinga kan føre til at elevar plutseleg vegrar seg for å gå på do, noko som kan vere alvorleg.






















