Terrorisme
Terrorisme er vald mot vanlege folk for å skape frykt og dermed påverke politikk.
Kjelde: Store norske leksikon
LES FAKTALUKK FAKTA
I fjor gjekk tala på dødsfall som følgje av terrorisme ned med 28 prosent. Antalet terrorangrep gjekk ned 22 prosent.
Heile 81 land registrerte færre terrorhandlingar i 2025. 19 land opplevde rett nok fleire terrorhandlingar enn året før.
Desse tala kjem fram i rapporten Global Terrorism Index 2026 som er utarbeidd av Institutt for økonomi og fred (IEP).
Institutt for økonomi og fred bruker forsking til å vise at fred er eit mål ein kan nå i verda, og at fred fører til velstand og utvikling.





















