Einige om å avslutte krigen

Nord- og Sør-Korea er einige om å avslutte den lange konflikta dei har hatt sidan landet vart skilt mellom nord og sør.

Det er VG.no som skriv om denne saka.

Den nordkoreanske leiaren kryssa for fyrste gong grensa mellom dei to landa, og har vore i møte med leiaren i Sør-Korea.

I teorien er landa i krig, men no verkar det som at dei er samde om å verte vener. Dei har signert fleire avtalar der dei forpliktar seg til å arbeide for å skape fred, og er einige om full atomnedrustning på Koreahalvøya.

-Det er ingen grunn til at vi skal sloss med kvarandre. Vi er eitt land, sa Kim Jung-un i ein tale under det historiske toppmøtet.