Parkinsons sjukdom
Parkinsons er ein sjukdom som mellom anna påverkar hjernen si evne til å styre bevegelsar. Sjukdommen er kronisk og ein blir sjukare og sjukare med tida. At ein sjukdom er kronisk vil seie at han varer lenge. Nokre sjukdommar, slik som Parkinsons sjukdom, går aldri over.
Kjelde. Store norske leksikon
Forskarar i ei ny skotsk studie tok ei vanleg plastflaske og braut ho ned ved hjelp av kjemikaliar. Kjemikaliar er stoff som blir brukt i laboratorium (bygningar og rom laga for vitskapleg forsking).
Deretter gav dei den nedbrotne plasten til bitte små E. coli-bakteriar. Bakteriar er små levande vesen som berre består av ei celle.
I denne studien ville forskarane programmere bakteriane. Å programmere vil seie at forskarane bestemmer korleis dei skulle oppføre seg.
Forskarane ville at E. coli-bakteriane skulle ete nedbroten plast og samstundes lage medisinen levodopa – og det fekk dei til!
Glade forskarar
Medisinen Levodopa hjelper folk med Parkinsons sjukdom med å få kontroll på bevegelsar i kroppen.
Forskarane i studien er glade for å ha klart og forvandle søppel til medisin som kan behandle sjukdommar som Parkinsons.
Har ikkje trua
Det er rett nok ikkje vanskeleg å få laga denne medisinen på andre måtar. Difor trur ikkje forskar Gaston Cortade ved NTNU i Trondheim at dei som produserer medisinen, kjem til å ta i bruk denne nye metoden.
Han peiker også på at medisinen er eit stykke unna å vere trygg for menneske, då det kan vere med restar frå plasten i medisinen.





















