Harry Potter-serie kjem tidlegare enn planlagd

Den nye Harry Potter-serien får premiere allereie i desember 2026. Samtidig har traileren slått alle rekordar med over 277 millionar visningar berre dei to første dagane.

Tidlegare var planen at den nye Harry Potter-serien skulle komma i 2027.

Serien er basert på bøkene til J.K. Rowling. Kvar sesong skal følgja éi av dei sju bøkene. Den første sesongen handlar om «Harry Potter og De vises stein».

I serien møter me Dominic McLaughlin som Harry Potter, Arabella Stanton som Hermine Grang og Alastair Stout som Ronny Wiltersen.

Historisk trailer

Traileren til serien vart sleppt onsdag, og har allereie vorte den mest sette traileren i HBOs historie. På berre 48 timar fekk han over 277 millionar visningar på ulike plattformer.

I traileren får me sjå Harry Potter møta Gygrid, spelt av Nick Frost, som fortel han om foreldra hans.

– Foreldra dine var dei snillaste, modigaste menneska eg nokosinne har møtt. Dei var morosame og kloke og dei kjempa for det dei meinte var rett, seier Gygrid i traileren.

Serien «Harry Potter and the Philosopher’s Stone» får premiere i jula 2026.