Du har kanskje høyrt at folk har sagt at «i år er påska tidleg» eller «i år er påska sein»? Påska er nemleg ei bevegeleg høgtid som fell på forskjellige tidspunkt kvart – og det er påskeformelen som avgjer når påska kjem.
Ein formel er ein måte å skrive noko på ved hjelp av tal, bokstavar og matematiske symbol. Ein formel forklarer gjerne korleis noko heng saman.
Påskeformelen høyrest slik ut: 1. påskedag fell på første søndag etter første fullmåne etter vårjamdøgn som er 21. mars.
Vårjamdøgn er eit tidspunkt om våren når dag og natt er like lange på heile jorda. Det er vanlegvis 20. eller 21. mars.
Årets påske
I år var vårjamdøgnet 20. mars. og første fullmåne etter denne datoen er 2. april. Då blir første søndagen etter fullmåne 5. april. Dermed blir 1. påskedag denne søndag 5. april.
1. påskedag kan tidlegast felle på 22. mars og seinast 25. april. Det vil seie at påska verken er spesielt tidleg eller sein i år.






















