Kvifor har vi påskeegg og dei andre påsketradisjonane?

I påska dekorerer vi med gul pynt og fine egg, et appelsin og lam, og ventar på at påskeharen skal kome på besøk med snop. Her kan du lese om kvifor vi har desse tradisjonane.

Påska er den viktigaste kristne høgtida. Blant kristne blir påska feira til minne om då Jesus døydde og vart levande igjen.

Mange av påsketradisjonane vi har i dag har røter i kristendommen, mens andre ikkje har det.

Påskeegg

Illustrasjonsfoto: Sandra Seitamaa / Unsplash

Egg har sidan før kristendommen vore eit bilde på nytt liv. Spesielt i land rundt Middelhavet har det vore lang tradisjon for å samla inn fugleegg på våren. Desse vart dekorerte og ete for å markere ein ny start på våren.

Tidleg i mellomalderen (år 500–1500) begynte egget også og bli brukt som eit bilde på Jesu oppstandelse – at Jesus vart levande igjen etter å ha døydd.

Framleis kan truande menneske ta med seg egg i kyrkja for å få det velsigna. Å velsigne betyr å overføre lykke frå Gud på noko eller nokon. Det er det gjerne ein prest som gjer.

Appelsin

Illustrasjonsfoto: Sheraz Shaikh / Unsplash

I påska er det vanleg å ete appelsin og mange tek gjerne med seg den gule, søte frukta i tursekken.

Årsaka til at det har blitt tradisjon å ete appelsin i påska er at det før i tida var rundt påsketider at appelsinane var best og mest tilgjengelege i Noreg. Trass at vi no kan få tak i appelsinar heile året, er frukta framleis populær rundt påsketider.

Påskelam

Illustrasjonsfoto: Ben Libby / Unsplash

I mange heimar er det tradisjon å ete lammelår til middag påskeaftan. Dette har mellom anna røter i kristendommen.

I kristendommen symboliserer lammet Jesus – ein som uskuldig vart ofra. Å symbolisere betyr å vere eit bilde på noko anna enn det det faktisk er. Å ofre betyr å gi frå seg noko eller drepe noko.

I Noreg vart det først tradisjon å ete lam i påska på 1990-talet. Då var norske kjøtlager overfylt med lammekjøt. For å få folk til å kjøpe lammekjøtet køyrde Opplysningskontoret for kjøt ein kampanje for å få folk til og ete lam i påska, noko som fungerte.

Ein kampanje er ein plan for å påverke menneske på ein bestemt måte.

Påskehare

Illustrasjonsfoto: Pixabay

Ifølgje tradisjonen kjem påskeharen med påskeegg fylt med godteri til barna. Påskeharen kan også finne på å gøyme egga så barna må leite etter dei.

Denne tradisjonen kjem frå Tyskland og starta på 1600-talet. På 1850-talet begynte det å bli laga godteri, leiker og postkort med påskeharen.

Etter kvart tok tyskarar som flytta ut av landet med seg påskehare-tradisjonen. Tradisjonen er spesielt sterk i USA og Storbritannia, men også i andre land slik som Noreg.