Pollensesongen har starta i Noreg, opplyser Norges Astma- og Allergiforbund (NAAF) i ei pressemelding.
– Målingane viser at pollensesongen har starta. Som vanleg byrjar spreiinga langs kysten i vest før ho gradvis breier seg vidare til Sør- og Austlandet, seier Hallvard Ramfjord i NAAF.
Pollen er små korn frå plantar og tre. Når dei spreier seg i lufta, kan dei gi allergiplager hos mange menneske.
Typiske symptom på pollenallergi er rennande nase, kløande auge, nysing og tett nase.
Or og hassel er vanlegvis dei første treslaga som startar pollensesongen i Noreg. Dei to artane byrjar ofte spreiinga omtrent samtidig.
Lurt å følgja med
NAAF ber folk som har pollenallergi om å følgja med på pollenvarslinga framover.
– Sjølv om nivåa framleis er låge mange stadar, er dette eit signal til allergikarar om å følgja med på pollenvarslinga framover, seier Ramfjord.






















