Jonas Lovv til topps på Spotify etter MGP-sigeren

Artisten Jonas Lovv vann Melodi Grand Prix i helga. No toppar låten hans Spotify-lista over dei mest virale songane i Noreg.

Laurdag vann Jonas Lovv Melodi Grand Prix med songen «Ya Ya Ya». Etter sigeren har låten vorte svært populær.

No ligg han øvst på Spotify-lista over dei mest virale songane i Noreg. Songen har fått over 400.000 avspelingar så langt.

865.000 var innom TV-sendinga

Mange følgde også finalen på TV. 605.000 personar såg sendinga direkte på NRK. Det er færre enn i fjor, men totalt var 865.000 innom sendinga dei to timane den varte.

Ifølgje NRK kan fleire ting ha påverka sjåartala. Det var sterk konkurranse frå TV 2, som hadde premiere på ein ny sesong av «Kompani Lauritzen». Samtidig var det mykje nyheiter i verda den dagen.

– Laurdag var ein dramatisk dag der det braut ut full krig i Midtausten, som gjorde at mange truleg hadde eit anna fokus, seier Mads Tørklep, prosjektleiar i MGP til NRK.

No skal Jonas Lovv representera Noreg i Eurovision Song Contest i Wien i mai.