Frivillige fekk straum i hjernen – blei mindre egoistiske

Forskarar har oppdaga korleis dei kan gjere menneske mindre egoistiske, i alle fall for ei stund.

I ein studie frå University of Zurich blei 44 frivillige spurt om å dele ein pengesum mellom seg sjølv og ein anonym partnar. I løpet av eksperimentet fekk dei frivillige elektrisk straum i to område av hjernen. Når desse to områda fekk straum samtidig, gav dei frivillige vekk meir pengar. Det skriv BBC.

Resultata tyder på at nestekjærleik, altså å vere snill med andre, er noko som hjernen vår har utvikla slik at vi kan ta oss av andre. Forskarane håper resultata kan vere nyttige i å behandle nokre hjernesjukdommar.

– Det finst menneske som har store problem med sosial oppførsel, fordi dei ikkje klarer å ta omsyn til andre sitt perspektiv, og stadig oppfører seg egoistisk, sa professor Christian Ruff, som var med på å leie studien, til BBC.

Men sjølv om dette eksperimentet kan hjelpe mot egoisme, var effekten kortvarig.

– For å verkeleg endre oppførsel i det lange løp, må du repetere han, sa professoren.

Han samanlikna det med å gå på treningssenter:

– Viss du går på treningssenteret to gonger i veka i to månader, endrar kroppen seg. Dette er det same.