Naglelakk er superpopulært – men nokre lakkar inneheldt kjemiske stoff som kan vera farlege for kroppen vår. Derfor har EU bestemt seg for å innføra nye reglar som også gjeld i Noreg. Reglane vart innførte frå september 2025, skriv Ung Forskning.
Dette er forbode
I den nye regelen er eit stoff som heiter TPO fjerna frå sminke og naglelakk.
– Stoffet kan gi alvorlege helseeffektar, seier Amalie Gravelle til Ung Forskning. Ho er Mattilsynets rådgivar og jobbar mellom anna med reglar for sminke.
Stoffet TPO kan mellom anna gjera det vanskelegare å få barn, skada arvestoffet vårt og auka risikoen for kreft.
Kva bør du vita om naglelakk?
Reglane gjeld førebels berre produkt som blir brukte i salongar i EU og Noreg. Om du kjøper naglelakk frå andre land på nett, bør du sjekka innhaldslista.
– Mange veit nok ikkje kva dei har heime i skapet, seier helsesjukepleiar Charlotte Andersen til Ung.Forskning.
Det betyr at det kan vera lurt å sjå etter kva som står på pakken før du kjøper naglelakk – spesielt om han kjem frå land utanfor EU.






















