NASA utset måneferd: Ny dato i mars

Den første bemanna reisa til månen på over 50 år blir ikkje send opp heilt enno. NASA har bestemt seg for å venta til mars etter dei fekk problem under testing av raketten.

Den lenge etterlengta ferda til månen blir utsett. Ifølgje NTB og NRK skulle raketten eigentleg skytast opp kommande sundag, men tekniske problem gjer at planane blir endra.

Lekkasjar under testing

Før ein rakett kan skytast opp, må han testast grundig. Denne gongen fylte forskarane raketten med flytande hydrogen og oksygen, som blir brukt som drivstoff.

Under testen oppstod det lekkasjar.

NASA-sjef Jared Isaacman seier at tryggleik er viktigast.

– Me vil berre skyta opp når me meiner at me er klare til å gjennomføra dette historiske oppdraget, seier han i ei fråsegn.

Ny moglegheit i mars

Sjølv om oppskytinga er utsett, er det allereie sett ein ny mogleg dato 6. mars. Då kan NASA prøva på nytt – viss alt fungerer som det skal.

Menneske var sist på månen i desember 1972, under Apollo 17-ferda, arrangert av NASA. Det var astronautane Eugene Cernan og Harrison Schmitt som gjekk på overflata – og Cernan er framleis det siste mennesket som har stått på månen.

Mange forskarar håpar turen kan gi ny kunnskap om verdsrommet – og kanskje bana veg for framtidige reiser til Mars.