Barbie har lansert ei ny dokke som skal visa nokre av erfaringane enkelte personar med autismespekterdiagnose kan ha.
Dokka er meint å synleggjera mellom anna stimming, som er gjentakande rørsler eller lydar nokre brukar for å roa seg, unngåing av augnekontakt, og behov for sensorisk tilrettelegging, som handlar om å skjerma seg mot sterke lydar, lys eller andre sanseinntrykk.
Dokka har støydempande hovudtelefonar, ein fidget-spinner som kan hjelpa med ro i kroppen, og eit nettbrett med symbol for dei som synest det er vanskeleg å uttrykkja seg med ord. Kleda er laga i det Mattel omtalar som mjuke og «sensorisk-vennlege» materiale, som ikkje skal klø eller irritera huda.
LES OGSÅ: Barbie lanserer dokke med autisme
– Autisme er eit veldig breitt spekter – kvifor setja oss i bås? seier Marianne Bjerke til Dagbladet.
Ho har sjølv ein autismespekterdiagnose og meiner at éi dokke ikkje kan representera alle, og seier at «kva Barbie som helst kan vera autistisk viss barnet ønskjer det».
Ei kjensle av attkjenning
Fleire autismeorganisasjonar har ønskt lanseringa velkommen. Også Autismeforeningen i Noreg ser positive sider – men tek tydelege atterhald.
– At ein leiketøysprodusent vel å inkludera ei dokke med autisme, kan bidra til auka kunnskap og synleggjering av mangfald. Men autisme kan ikkje reduserast til ein type uttrykk eller ein personlegdom. Korleis dokka blir brukt og kva samtalar som følgjer med, er viktigare enn sjølve produktet, seier Ruth Gravdal, sentralstyreleiar i foreininga, til Dagbladet.
Mattel understrekar at dokka ikkje er meint å representera alle på autismespekteret, men å visa nokre moglege erfaringar enkelte kan ha.






















