Dei amerikanske Jomfruøyane
- Dansk koloni frå 1672 til 1917
- Hovudstad: Charlotte Amalie
- Statsform: Amerikansk delvis sjølvstyrt territorium
- Landareal: 350 km²
- Innbyggartal: 100 000 (2024)
- Point Udall er det austlegaste punktet i USA
Dei amerikanske Jomfruøyane ligg i Karibia. I dag er øygruppa eit amerikansk territorium. Eit territorium er eit område som høyrer til eit anna land.
Men kvifor tilhøyrer nokre øyar i Karibia USA? Og visste du at øyane ein gong var dansk-norske?
Kristoffer Columbus trudde han kom til India
Det har budd folk i Karibia i over 3000 år. Men då europearane kom, overlevde ikkje urfolka.
Dei første europearane kom til Karibia med Kristoffer Columbus i 1492. Den italienske oppdagaren trudde han var komme til India. Derfor gav han området namnet Vestindia.
Frå 1672 til 1917 var Dei amerikanske Jomfruøyane ein dansk koloni. Danskane kalla øyane Dansk Vestindia.
Fleire stader fekk danske namn, som byane Charlotte Amelie, Christiansted og Frederiksted. I Dansk Vestindia blei det dyrka planter som tobakk, bomull og sukker. Dette selde Danmark til Europa.

Slavar arbeidde på plantasjane
Noreg var i union med Danmark frå slutten av 1300-talet og fram til 1814. Dansk Vestindia høyrte dermed ikkje berre til Danmark, men til Danmark-Noreg.
Dei første som blei sende frå Danmark-Noreg til dei karibiske øyane for å arbeide, var fangar frå fengsel, tiggarar og fattige. Seinare blei slavar henta frå Afrika.
I Bergen, Halden, Trondheim og Oslo var det fabrikkar som reinsa råsukker frå slaveplantasjane i Dansk Vestindia.

Dei fleste innbyggarane på øyane var slavar. Totalt kom 110 000 slavar med skip frå Afrika til Dansk Vestindia.
Selt til USA for 25 millionar dollar
I 1848 var det slutt på slaveriet i Dansk Vestindia. Det blei etterkvart mindre lønnsamt å produsere sukker, og Danmark begynte å diskutere å selje øyane til USA.

CC-BY-SA
Etter fleire år med forhandlingar, blei Danmark og USA einige. I 1917 kjøpte USA Dansk Vestindia for 25 millionar dollar.
USA ønskte å kjøpe øyane for å ha ein militærbase der og hindre at det tyske keisarriket blei utvida. For å få kjøpe øyane måtte USA godkjenne Danmark sitt krav på Grønland.

Frå plantasjar til turisme
Då europearane rydda plass til plantasjar, øydela dei mykje av den tropiske skogen. Men øygruppa har framleis eit tropisk klima med flotte strender og korallrev. Den viktigaste næringa på øyane i dag, er turisme. Dagleg kjem det opptil ti cruiseskip til hamna i Charlotte Amelie. Hovudstaden har framleis namnet til ho som var dronning av Danmark-Noreg frå 1670 til 1699.
Kjelde: Store norske leksikon
Les også: Sjøhelten som starta på slaveskip






















