Sjøhelten som starta på slaveskip

Her kan du lese eit utdrag frå den nye boka «Den norske slavehandelen» av Anders Totland.

Millionar av slavar frå Afrika
  • Frå år 800 til 1800 blei fleire titals millionar afrikanarar tatt til slavar.
  • Mange blei selt til Asia, og nokre til land i Europa. Men aller flest blei frakta frå Afrika til Amerika, frå 1500-talet til litt utpå 1800-talet.
  • Mellom ti og tjue millionar afrikanarar blei frakta over Atlanterhavet, til det som blei kalla «den nye verda».

 

 

LES FAKTALUKK FAKTA

Den store draumen til Peter Wessel var å reisa til sjøs. Han ville bli sjømann i den kongelege marinen.

Korleis han klarte å snika seg med, og om han eigentleg hadde fått lov av foreldra sine, veit me ikkje. Men då kongen besøkte Trondheim med flåten sin, klarte 14 år gamle Peter å bli med følgjet tilbake til København.

Han må ha blitt frykteleg skuffa då han kom fram til København og fekk beskjed om at han var altfor ung for marinen. I staden for å studera på Sjøkadettakademiet, slik han hadde drøymt om, blei han buande hos ein kamerat av faren medan han prøvde å skaffa seg arbeid.

Anders Totland har skrive boka om den norske slavehandelen. Kristian Krogh-Sørensen har laga illustrasjonar.

Og jobb fekk han, først på skipet «Christianus Quintus». Med lasterommet fullt av slavar gjekk «Christianus Quintus» frå Gullkysten til dei dansk-norske koloniane i Vestindia

15 år gammal skreiv Peter Wessel brev til kongen der han igjen bad om å bli tatt opp på

Sjøkadettakademiet. Heller ikkje denne gongen gjekk det som han ville. Men tre år seinare, i 1709, fekk Peter plass som sjø-kadett på Holmens Kadettskole. Det var starten på ein skikkeleg kanonkarriere.

I 1711 fekk han ansvaret for det vesle skipet «Ormen» med fem kanonar. Då var han blitt sekondløytnant. Året etter blei han kapteinløytnant på den nybygde fregatten «Løvendals Galei».

1716 er eit viktig år for Peter Wessel. Ikkje berre blir han adla og får namnet Tordenskiold; han vinn også eit oppsiktsvekkande sjøslag, som er med på å gjera unge Peter Wessel Tordenskiold til ei levande legende.

SJØHELTEN: Peter Wessel «Tordenskjold», var skipsdreng på slaveskipet Christianus Qvintus som handla slavar i Afrika i 1707. Illustrasjon: Kristian Krogh-Sørensen/Gyldendal

I den vesle fjorden Dynekilen, heilt vest langs svenskekysten, har den svenske kong Karl den tolvte gjort marinen klar for krig. Målet er Noreg, og når som helst er skipa klare til å setja segl for å erobra nabolandet. Svenskekongen er førebudd på det meste. Berre ikkje påfunna til trønderen Peter Wessel Tordenskiold.

Med nokre få skip siglar Peter inn den tronge opninga til fjorden. Då dei danske skipa opnar eld, blir svenskane rett og slett tatt på senga. Etter nokre få timar er kampen over, og Peter står sigrande igjen.

Frå boka Den norske slavehandelen av Anders Totland.