Det er 100 år sidan alle nordmenn fekk etternamn

Har du tenkt over kvifor du har det etternamnet du har? – I år er det hundre år sidan alle måtte få etternamn i Noreg, fortel namnegranskar Ivar Utne til Ung.Forskning.no. 

Førenamn har eksistert like lenge som me har brukt språk. Det kan vera så lenge som 100 000 år sidan. Etternamn kom til Noreg frå andre land først på 1600- og 1700-talet. Folk byrja å flytta frå landsbygda og til byane utover 1800-talet. Då byrja også fleire å bruka etternamn.

– Namnelova kom i 1923. Frå no av skulle alle ha faste etternamn i familiane. Vart det fødd nye barn, skulle dei få same etternamn, seier Ivar Utne til Ung.Forskning.no.

Det var for å kunna halda skikk og orden på kven som var kven. Det var praktisk for skattebetaling, sjukehus og skulegang.

Dette er dei 10 mest brukte etternamna i Noreg:

Nr Navn Antall
1 Hansen 53948
2 Johansen 50698
3 Olsen 50182
4 Larsen 38298
5 Andersen 37401
6 Pedersen 35561
7 Nilsen 35178
8 Kristiansen 23716
9 Jensen 23203
10 Karlsen 21504

Kjelde: SSB