Rapporten er laga av Oxfam, ein organisasjon som jobbar mot fattigdom og for meir rettferdig fordeling av pengar i verda.
Ifølgje rapporten finst det no rundt 3000 milliardærar.
Til saman eig dei 18,3 billionar dollar. 18,3 billioner dollar er omtrent 183 000 000 000 000 kroner. Eller sagt med ord: 183 billioner norske kroner.
Sidan mars 2020 har formuen til milliardærane auka med over 80 prosent, når ein tek omsyn til prisauke (inflasjon). Når det er inflasjon, må du betala meir for dei same tinga, som mat, klede og straum. Då er pengane dine mindre verdt enn før.
Mange lever i fattigdom
Medan dei rikaste blir rikare, lever nesten halvparten av befolkninga i verda framleis i fattigdom, ifølgje Oxfam. Det betyr at mange menneske manglar nok pengar til mat, bustad, skule eller helsehjelp.
Oxfam meiner at forskjellane mellom rike og fattige blir større, og at verda ikkje gjer nok for å hjelpa dei som har minst.
Publisert før viktig møte
Oxfam gir ut denne rapporten kvart år før eit stort møte som heiter World Economic Forum.
Møtet blir halde i byen Davos i Sveits, der leiarar frå mange land og store selskap samlast for å snakka om økonomi og framtida i verda.






















