Japan er blitt treft av atombomber to gonger, i byen Hiroshima og i byen Nagasaki. I Hiroshima var det kring 70 000 som døydde med ein gong. I tillegg var det kring 140 000 som døydde i ettertid. Det var også meir enn 100 000 som vart såra. Atomvåpen er forferdelige greier. Bombene er veldig eksplosive og kan starte brannar. Dei sender også ut veldig skadeleg stråling. Stråling kan gjere at folk får kreft. Det påverkar også barn. Tenk deg at ei mor er gravid. På grunn av atomvåpen kan barnet døy eller bli fødd med skadar.
Sjølv om det var mange som døydde, var det nokre som overlevde, og desse bestemte at dei ikkje ville oppleve det same i framtida. Dei gjekk saman om å opprette organisasjonen Nihon Hidankyō. Målet deira er at ingen andre skal oppleve det same som dei opplevde i 1945.

Nihon Hidankyō har blant anna gitt støtte til traktaten om forbod mot atomvåpen. Denne traktaten seier at landa som skriv under ikkje skal utvikle, prøvesprenge, produsere eller skaffe seg atomvåpen. Traktaten er bindande for dei 73 landa som har skrive under på avtalen. Dessverre har ikkje dei ni atomaktene USA, Russland, Storbritannia, Frankrike, Kina, India, Pakistan, Nord- Korea og Israel skrive under. Til saman har desse landa over 12.000 atomvåpen i følgje Arms Controls Association. Dei overlevande reiser også rundt for å fortelje om opplevingane sine. På grunn av den store innsatsen dei har gjort i jobben mot atomvåpen vant Nihon Hidankyō Nobels fredspris i 2024.
Vi i Noreg er heldige som ikkje har opplevd dette, og eg er veldig imponert over denne organisasjonen som har stått på og kjempa for å få slutt på atomvåpen. Eg håper at i framtida skriv alle landa i verda under på trakten om forbod mot atomvåpen slik at det ikkje blir meir atomvåpen i verda. Det er viktig å lytte til bodskapen til Nihon Hidankyō. Det er få folk igjen som har opplevd atomvåpen på kroppen, og i ei verd med mykje krig og uro er det viktig å ikkje gløyme kor øydeleggande dei er.
Kjelder:
https://snl.no/Nihon_Hidanky%C5%8D
https://snl.no/Hiroshima
https://snl.no/atomv%C3%A5pen
https://fn.no/avtaler/nedrustning/avtalen-om-forbud-mot-atomvaapen
Skribenten går i klassen på Nordsida skule som vann skrivekonkurransen til Framtida Junior om krig og fred.





















