FAKTA: MALAWI
Malawi har kring 22 millionar innbyggarar på under ein tredjedel av landarealet til Noreg. Landet ligg langs den store Malawi-innsjøen, og grensar til Zambia, Mosambik og Tanzania. Landet er blant dei minst utvikla i Afrika, med mange fattige. Kjelde: SNL.no
Paulina fekk lov å dra på Tumaini-festivalen før jul fordi ho er i følgje med storesystera.
– Eg likar at festivalen gjer folk glade, seier Paulina.
Ho likar dei som syng og dansar, men aller best likar ho alle kunstnarane som kjem til leiren når det er festival.
– Eg likar å teikne sjølv også, sånn som hus, menneske og andre ting, fortel ho.

I ei av buene er eit maleri av ein hjort som ho tykkjer ekstra godt om. Trass interessa for å måle og teikne, har ho lyst til å bli sjukepleiar når ho blir stor.
– Då kan eg passe på at mora mi er frisk, seier Paulina.
Får ikkje mat kvar dag
I likskap med Exauce veit Paulina at UNHCR ikkje lenger deler ut mat. Det har mora hennar fortalt henne.
– Før åt vi mat kvar einaste dag, men det er ikkje alltid vi gjer det lenger, fortel Paulina.

Mora hennar jobbar som sydame, medan faren er bilmekanikar. Det aller meste av tida går ho på skulen, i femteklasse. Når familien ikkje har råd til å betale for skulen hender det ho må ta pause.
– Ein gong var eg ute av skulen i to veker. Då var det litt vanskeleg å kome tilbake igjen fordi dei andre borna hadde lært mykje medan eg var borte, seier ho.
Den demokratiske republikken Kongo er det nest største landet i Afrika og har 112 millionar innbyggarar. Særleg aust i landet er det krig og mykje uro. Mange kjempar om dei store mineralrikdommane der.
Elles er det mangel på reint drikkevatn, mange spedbarn som døyr, mykje fattigdom og underernæring i landet, ifølgje FN.no.
LES OGSÅ: Exauce drøymer om å bli skodespelar: – Også flyktningar må ha trua på seg sjølve
Artikkelen er ein del av prosjektet vårt «Krig og fred», og er støtta av Fritt Ord.
























