I dag er det den internasjonale migrasjonsdagen

Sidan år 2000 har FN brukt dagen på å fokusere på livet til migrantar.

FN har fleire internasjonale dagar der dei gir merksemd til ulike tema. 18. desember er den internasjonale migrasjonsdagen.

Ein migrant er ein person som flyttar frå eitt land til eit anna. Dei fleste flyttar frivillig, for eksempel på grunn av jobb eller familie. Men mange migrantar er også flyktningar.

FN skriv at dagen i dag «skal feire migrasjon som eit gode for samfunnet og rette søkelyset mot rettane til migrantane».