Filipine? Filippinane?
Namnet på leiken er svært likt namnet på landet Filippinane, men ifølge Naturhistorisk museum i Oslo kjem namnet på leiken enten av det tyske ordet «vielliebchen» (som betyr «vesle hjartevenn»), eller det litauiske ordet «filibas» (som betyr «eit lite par»).
I jula et vi ofte mykje nøtter, som hasselnøtter, valnøtter og mandlar. Viss du har eit fat med hasselnøtter og ein nøtteknekkar tilgjengeleg, kan du invitere nokon til å konkurrere i leiken filipine.
Hasselnøtta har som oftast éi nøtt i seg når du knekker ho. Men, viss du knekker ei hasselnøtt, og du finn to nøtter, kan du spørje ein annan om dei vil dele med deg.
De to skal så avtale eit tidspunkt litt fram i tid, pluss ein premie. Når tidspunktet kjem, er det om å gjere å først seie «filipine»! Vinnaren får premien de har avtalt.
Kjelde: snl.no






















