Malawi
Malawi har kring 22 millionar innbyggarar på under ein tredjedel av landarealet til Noreg. Landet ligg langs den store Malawi-innsjøen, og grensar til Zambia, Mosambik og Tanzania. Landet er blant dei minst utvikla i Afrika, med mange fattige. Kjelde: snl.no
– Fordi eg er låg trur mange at eg ikkje er fjorten, men eg er det, fortel Exauce Mfuni Ngoy.
Då Exauce var seks år flytta dei til Dzaleka, den største flyktningleiren i Malawi. Av dei 57 000 flyktningane som bur her, er halvparten born.
Ein flyktningleir i 30 år
Dzaleka er ikkje ein flyktningleir med telt. Men sjølv om folk bur i små murhus med tak av bølgeblikk eller presenning, var det likevel mykje å venne seg til då familien kom hit.
– Toaletta er hol i bakken. Og så er det ikkje kvar dag vi et frukost, fortel Exauce.
UNHCR er namnet på FN-organisasjonen som hjelper flyktningar. Dei har jobba i Dzaleka i tretti år, men måtte leggje ned i år fordi mange land gir dei mindre pengar.
– No får me ikkje lenger mat frå dei kvar månad, fortel Exauce.
Familien må no kjøpe mat for eigne pengar. Mora sel tomatar og mango på marknaden. Skulen er tidleg ferdig på fredagar, og då sel Exauce «freezers». Det er små posar med frosen juice som mora lagar. Kvar is kostar 100 kwacha. På ein fredag kan han tene 3500 kwacha. For det kan mora kjøpe ein halv klase bananar eller eit såpestykke.

Festivalen som gir håp
Ein gong i året er det ein stor festival i flyktningleiren. Namnet på festivalen, Tumaini, tyder «håp» på swahili.
– Mange her i Dzaleka er stressa fordi dei har lite pengar. Men festivalen gjer at alle kan ha det gøy ei helg, fortel Exauce.
Han gler seg til fleire av konsertane. Sjølv om han skal opptre med dansegruppa si på festivalen, er det skodespel som er den store draumen.
– Eg vil bli skodespelar for å gje familien min eit betre liv, fortel han.
Mora insisterer likevel på at skulegangen er viktig. Om han ikkje blir skodespelar, kan Exauce tenkje seg å bli dommar.
– Det er viktig å oppretthalde fred og orden, og løyse problem som folk har.
Exauce er glad han er i eit fredeleg land, og tykkjer Malawi er eit land med meir fridom enn mange andre stader.




















