23. januar starta Nathalie Sætre-Brudevoll (20) sitt vernepliktige år i Forsvaret. Å vere med i førstegongstenesta, var noko ho lenge tenkte ho ville.
– Det var ikkje noko val eg tok brått, det har berre vore ein ting eg alltid har tenkt – at eg har lyst i militæret, seier ho.
Ho har ikkje noko svar på kvifor ho har ønska det, men seier at ho hadde sett føre seg å ta året i førstegongstenesta.
– Eg har alltid likt å vere aktiv, så eg har ikkje sett noko grunn til å ikkje gjere det, seier ho.

Vart overraska
Nathalie har hatt ein visjon om korleis det ville vere i førstegongstenesta. I visjonen var kvar ho skulle dra viktig.
– Eg hadde lyst til å gjere noko litt kult, og så hadde eg heller lyst nordover enn sørover. Kvifor veit eg ikkje heilt, det var noko eg hadde sett føre meg, seier ho.

På sesjon – ein oppmøtestad der du vert testa for å sjå om du er i god nok form til å bli med i førstegongstenesta – fekk ho då rådet om å velje Garnisonen i Sør-Varanger (GSV). Dette ligg heilt nord på grensa til Russland.
– Eg visste ikkje at det var det nordlegaste nord. Eg fann jo ut det etter kvart, seier ho lett.
Og med situasjonen som den er i dag, med den russiske invasjonen av Ukraina, tykkjer Nathalie at det er litt spesielt.
– Det var eigentleg litt kult, litt sånn spanande å vite at du er her og Russland er der. Med tanke på verdsbiletet, så er Russland det som er det skumlaste, seier ho om å bli plassert ved GSV-leiren.
Går ikkje rundt og er redd
Å vere ein del av Forsvaret på grensa til Russland, er noko Nathalie trur andre utanfor militæret kan stresse over.
– Det er Russland som er den største trugselen. Men så er det sånn at, i alle fall når ein er i militæret, så ser eg jo kva som blir gjort og vi ser korleis Noreg sitt forsvar jobbar kvar dag med å bli sterkare, seier ho.
Nathalie seier at dei øver på kva dei skal gjere dersom alarmen som seier Noreg er under trugsel skulle gå.
– Sjølvsagt veit ein aldri korleis ein hadde reagert om det hadde skjedd, men det er ikkje sånn at ein går rundt og er redd for at det skal skje.
– Vi har det veldig fint, og så er det fred, seier Nathalie.

– Det har skjerpa meg
Å vere ein del av førstegongstenesta har gitt Nathalie eit innsyn i korleis Noreg er budd på krig.
– Det er ikkje noko alle for tilgang til eller informasjon om. Det er sjølvsagt vanskelegare for sivile som ikkje har innblikk i kva hæren og Noreg jobbar for kvar dag, seier ho.
Nathalie påpeiker at Noreg har mange allierte land i tillegg til å vere medlemsland av Nato. Ho seier at dei får sjå ein del videoar og lærer mykje om krigen i Ukraina.
– Det har skjerpa meg, men samstundes ser eg kor heldige vi er som bur i dette landet og har det så godt, seier ho.
Året ho har hatt har gjort ho meir viss på Noreg sin beredskap og det tykkjer ho er positivt når verdsbiletet er som det er.
– Det er eit skummelt verdsbilete og det er mange skumle leiarar, men eg trur at det forsvaret vi har i Noreg og det vi gjer, det har i alle fall auka min tryggleik, sånn eg ser på det, seier ho.
Ho ser ikkje på Noreg som eit land som er størst utsett, men opplevingane hennar i hæren har gitt eit godt inntrykk av norsk beredskap.
– Det har absolutt styrka tura på beredskapen. Skulle den alarmen gå, så er Noreg førebudd, slår Nathalie fast.

– Ikkje så grufullt som mange skal ha det til
Nathalie er veldig glad i å trene. Faktisk skal ho, etter førstegongstenesta endar i januar, i praksis for ei PT-utdanning ho held på med. PT står for personleg trenar.
Men ho tykkjer det blir rart å ikkje skulle opp att til Sør-Varanger.
– Det har gått ekstremt fort, dette året her, seier ho.
Spesielt den siste tida etter Nathalie vart plassert i stilling, har gått fort.
– Det var ein lang periode med berre utdanning og opplæring før det. Etter vi kom i stilling så har vi berre hatt det ekstremt kjekt her oppe, seier ho.
Nathalie fekk stilling som troppsassistent, noko som gir ho eit større ansvar for troppen ho er ein del av. Ho anbefaler førstegongstenesta for alle som er friske og i ok form.
– Det er noko som absolutt dei fleste hadde hatt godt av. Det er ikkje så grufullt som mange skal ha det til, og vi har det veldig, veldig kjekt, fortel Nathalie.
Det var starten som var tyngst, og det fortel Nathalie handla om å bli vande med ein ny kvardag.
– Ein kan ikkje vere heilt førebudd heller, for alt er heilt nytt. Dei første vekene hadde mykje informasjon, nye folk og ein kjenner ingen. Det er mørkt og ein bur tett i tett på rom. Så det er lite privatliv enn kva ein kanskje er vande med, seier ho.
Artikkelen er ein del av prosjektet vårt «Krig og fred», og er støtta av Fritt Ord.






















