Rekrutt i fyrstegongstenesta: – Ein må vere villig til å ta liv

Matilde Tørudbakken Slettan (19) har hatt lange dagar og lært mykje nytt, men seier ho blir trygga av å øve på krig.

– Det har vore veldig mykje nytt og gøy. Eg trivst veldig.

Det seier Matilde Tørudbakken Slettan (19), som er rekrutt i hæren. Ho har vore i Forsvaret i fem veker.

Matilde Tørudbakken Slettan (19) vil bli mediesoldat. Foto: Einar Nygaard

Saman med dei andre rekruttane er ho no på si fyrste øving utandørs når Framtida Junior vitjar, i skogen utanfor Terningmoen leir i Elverum.

Matilde seier ho var veldig nervøs før øvinga.

– Eg hadde ikkje så veldig lyst. Men eg synest eigentleg det er litt koseleg, når vi sit i teltet med peis på kvelden seier ho. 

– Det er jo meir slitsamt enn å vere i leir. Det er lange dagar og mykje nytt. Men eg synest det har gått fint.

Eit fokus på utdanning

Matilde seier Forsvaret er litt som ho såg for seg, men òg litt annleis.

Våpenet rekruttane skyt med heiter HK416. Foto: Einar Nygaard

– Det er meir fokus på utdanning enn eg trudde. Vi skal lære noko, framfor å bli piska rundt og få masse kjeft.

Likevel er det nokre ting som er slik ho forventa.

– Om nokon er for seine, då må vi ta push-ups og knebøy. I starten var det nesten litt morosamt, fordi det var så stereotypisk. Men så kjenner ein veldig på det, om ein er grunnen til at dei andre må gjere dei tinga. Det er ikkje noko gøy.

På «øvelse Midtskogen» skal rekruttane lære å bu ute, og å løyse militære oppdrag. Foto: Einar Nygaard

Må vere villig til å ta liv

Noko av det dei lærer på øvinga, er å sikte på andre menneske.

Om nokon veker er rekruttperioden over. Foto: Einar Nygaard

– Sjølv om det ikkje er ekte kuler i våpenet, er det litt ubehageleg. Det stretar imot instinkta, når hensikta er å drepe eit anna menneske.

Sjølv om ho ikkje synest tanken er noko gøy, seier Matilde at ho trur at ho kunne skote nokon om det stod om hennar eller dei andre i troppen sine liv.

– Det er jo ikkje noko ein tar lett på, men krig er ein ekstrem situasjon. For å sikre fridomen til Noreg, så må ein vere villig til å, i verste fall, ta livet av fienden.

På øvinga skyt dei med «raudfis», altså patroner utan kuler. Foto: Einar Nygaard

Variert kvardag

Johannes Luksengard Stave (22) går tredje året på Krigsskulen.

Johannes Luksengard Stave (22) er troppssersjant når Framtida Junior vitjar. Foto: Einar Nygaard

Kadettar frå Krigsskulen er med på øvinga for å trene på å vere leiarar.

– Eg synest det er eit godt opplegg. Vi har fullt og heilt ansvar for det rekruttane gjer og ikkje gjer. Det er veldig lærerikt, seier han.

Johannes likar seg godt på Krigsskulen.

– Det er ein variert kvardag, kor ein vekslar mellom skulebenken og å vere ute, det synest eg er veldig bra.

Trur ikkje det blir krig

Fordi Johannes skal lære andre om krigføring, seier han det kviler eit alvor over det dei gjer.

Ein rekrutt i Forsvaret et i felt
Det er viktig å ete når ein er ute i kulda. Foto: Einar Nygaard

– Og med det følgjer det eit ansvar. Det er noko vi kjenner på. I alle fall kjenner eg på det.

Johannes trur ikkje det blir krig i Noreg.

– Men ein veit jo ikkje. Så sjølv om vi ikkje trur det blir krig, så skal vi førebu oss på det.

– Eg som skal forsvare Noreg

Matilde seier ho har tenkt på at det kan bli krig før ho kom inn i forsvaret.

Rekruttane går med hjelm, vest og kamuflasjeklede. Vesten er ikkje skotsikker. Foto: Einar Nygaard

– I alle fall no som det har vore krig i Europa. Då blir ein jo litt redd for at det kan bli krig i Noreg. Men det er ikkje noko eg går rundt og tenkjer på.

Matilde seier at å trene slik dei gjer no, gjer at ho kjenner seg tryggare.

– Samstundes har det gått litt opp for meg at om det faktisk blir krig, så er det på ein måte eg som skal forsvare Noreg.

Likevel seier ho det er godt at Forsvaret er eit stort system, og at ho synest dei har kontroll.

– Ein er ikkje åleine, det er veldig tryggjande, avsluttar ho.

I tillegg til å øve på å sikte på menneske, øvde rekruttane òg på alarmberedskap.