LUKE 18: Julero – ei lita pusteøving

Luke 18 er open i årets julekalender. I denne luka finn du ro.

No er det snart jul. Overalt luktar det pepperkaker, det blinkar lys, og det skjer mykje på éin gong.
 Då kan det vera godt å finna litt julero inni seg.

Prøv denne vesle øvinga:

  • Set deg godt til rette. Du kan òg liggja.
  • Lukk augo om du vil.
  • 
Pust sakte inn – som om du luktar nysteikte pepperkaker.
  • Pust roleg ut – som om du blæs på eit lite lys for å få flammen til å dansa.
  • Kjenn at kroppen din fell til ro.
  • 
Korleis kjennest det i magen når du pustar?
  • 
Tenk at kvar gong du pustar inn, fyller du kroppen med varmt julelys.
  • Kvar gong du pustar ut, slepper du ut alt stress og mas.
  • Etter tre rolege pust, smil litt for deg sjølv og sei inni deg: «Eg treng ikkje gjere alt. Eg er her, og det er nok.»