LUKE 16: Koreansk gåveinnpakking steg for steg

I dagens julekalender viser vi korleis du kan pakke inn julegåvene dine i tøy.

Vi kastar store mengder gåvepapir i jula. Kva med å pakke inn gåvene i noko som kan brukast på ny?

I Sør-Korea pakkar ein gjerne inn gåver i tøy. Her får du ei oppskrift som viser deg korleis du kan gjere det same.

Du treng

  • gåva du skal gi
  • eit tøystykke
  • ein strikk
Foto: Synne Ulltang

Slik gjer du

  1. Legg gåva midt på tøystykket.
Foto: Synne Ulltang

2. Samle saman alle dei fire hjørna i midten. Fest dei med ein strikk.

Foto: Synne Ulltang

3. Dei fire hjørna er på ein måte fire blad til ein blom. Ta eitt av hjørna.

Foto: Synne Ulltang
Foto: Synne Ulltang

4. Tre hjørnet ned ein gong til i strikken.

Foto: Synne Ulltang

5. Dra hjørnet så langt at det ser ut som eit blad, og den delen som er på toppen blir eit kronblad til ein blom. Gjer det same med dei tre andre hjørna.

Foto: Synne Ulltang

6. Juster litt på slutten slik at du har ein blom med fire blad.

Foto: Synne Ulltang