Derfor græt du når du kuttar lauk – og slik unngår du det


Når du skjer i ein lauk, byrjar auga å renna. No har forskarar funne ut kvifor – og korleis du kan sleppa unna tårene neste gong du lagar middag.

Alle som har kutta lauk opplever det: plutseleg byrjar det å svi i auga, og tårene trillar. Men kvifor skjer det eigentleg?

Forskarar ved Cornell University i USA har funne svaret, skriv Forskning.no. Når du skjer i lauken, blir cellene i den øydelagt. Då slepper han ut eit stoff som heiter propanetial S-oksid – og det flyg rett opp mot auga dine. Stoffet gjer at det svir og renn tårer, nesten som om auga prøver å vaska bort irritasjonen.

Forskarane brukte spesialkamera for å sjå kva som skjer når ein kniv skjer gjennom lauken. Dei oppdaga at saft og gass skyt ut som små sprut, nokre gonger i høg fart – opptil 40 meter i sekundet.

Det beste trikset

Men dei fann også ut kva som hjelper:

  • Bruk ein skarp kniv. Då blir lauken pressa mindre saman før han blir delt, og det blir mindre sprut.
  • Kutt roleg. Når du ikkje hastar, blir færre dropar slyngde ut i lufta. Forskarar minner også om at slike små dropar kan spreia bakteriar om grønsakene ikkje er heilt reine. Så det er alltid lurt å vaska hendene og kjøkkenutstyret godt etterpå.

Neste gong du skjer lauk, kan du altså tenkja som ein forskar: kutt sakte og med ein skarp kniv.

(Kjelde: Forskning.no)

GIF: Giphy.com