Rømlingen Hugin er tilbake i Dyreparken 

Etter over seks veker på rømmen er oteren Hugin tilbake i Kristiansand dyrepark. Dyrepassarane har følgt han med viltkamera og feller i nærområdet, og i går kveld gjekk han endeleg i ei av fellene og vart trygt teken hand om. 

Oteren Hugin stakk av frå Kristiansand dyrepark 26. september, og har vore på frifot i over seks veker.

– Me er så glad for at Hugin er tilbake hos oss. Han ser ut til å ha det fint, og verkar frisk og rask, fortel biolog Helene Axelsen i ei pressemelding.

KVIL: Her er oteren til observasjon på klinikken i Dyreparken. Foto: Kristiansand Dyrepark

Rundt Dyreparken finst det fleire vatn og elvar, og Hugin har halde seg i området der det er godt med fisk. Ein gong vart han faktisk skremd bort av ein bever då han nærma seg ei av fellene.

Elskar fisk

– Otrar er dyktige symjarar og elskar fisk. I vatna rundt Dyreparken er det god tilgang på mat og oteren har halde seg her. Heldigvis gjekk han til slutt i ei av fellene me hadde sett opp, seier biologen.

Det var aldri aktuelt å bruka pil og bedøving for å fanga han.

– Det kan vera farleg for otrar å bli bedøvd med pil i vatnet. I slike situasjonar kan me risikera at Hugin ville drukna, noko me sjølvsagt ikkje ønskjer. Fellene gjorde jobben for oss, og det er me glade for, fortel veterinær Rolf-Arne Ølberg.

Hugin er fem år gammal og kom til Dyreparken i 2020 saman med bror sin. Før han kan flyttast tilbake til innhegninga, skal området utbetrast.