Flytta frå Ukraina: – Trudde det var fyrverkeri

Arina, Darja og Polina har kome til Noreg frå Ukraina. Alle tre måtte forlate husdyra sine i heimlandet.

Framtida Junior møter Arina (10), Darja (9) og Polina (10) saman med læraren Artem. Han hjelper med å omsetje frå norsk til ukrainsk for barna og ukrainsk til norsk for journalisten.

Arina har budd i Noreg i to år, Darja har budd her i cirka tre år, men drog ifrå Ukraina for fire år sidan. Polina drog rett frå Ukraina til Noreg for seks månadar sidan.

LIKAR SEG: Arina, Darja og Polina pratar om livet i Noreg, saman med lærar Artem. Dei likar seg godt i Sogndal. Foto: Vilde Standal Bøyum

Kulde og akebakkar

Det er fleire ting Arina, Darja og Polina likar med den nye bustaden i Sogndal.

– Det beste med Sogndal er skulen og mange vener, seier Arina.

– Ja, det finst mange vener her, og ukrainarar, seier Darja.

– Bra utsikt, legg Polina til.

OPPOVER FJELLSIDA: Noko dei tre ukrainarane tykkjer er rart, er korleis husa i Noreg vert bygd oppover fjellsidene. Foto: Vilde Standal Bøyum

Det utløyser ein samtale på ukrainsk med mange glade uttrykk. Heilt til dei kjem på kulda. Den er ikkje Darja og Arina så glad i, men Polina likar kulda godt. Og sjølv dei to andre syns det er fordelar med snøen.

– Akebakke og akebrett likar dei, fortel lærar Artem.

– Ski, tilføyer Polina. Det har ho gått på og det likar ho.

Hadde ti hamsterar

– Føler de dykk heime i Noreg no?

Alle tre reagerer med eit varmt «ja».

– Det er til og med betre, seier Arina.

LIKAR SEG: Arina, Darja og Polina pratar om livet i Noreg, saman med lærar Artem. Dei likar seg godt i Sogndal. Foto: Vilde Standal Bøyum

Sjølv om det er godt å vere barn i Noreg, er det noko dei saknar.

– Eg saknar kjæledyra mine, seier Polina. Ho hadde ein hund og ein katt.

Alle tre hadde kjæledyr. Arina hadde ti hamsterar, som er daude, alle saman.

– Eg har to hundar og ein katt. Dei lever framleis, og blir passa på av ei veninne til mora mi, fortel Darja.

Hugsar ikkje ein vanleg dag

Darja kjem frå landsbyen Khrystynivka, Polina frå Zaporizjzja og Arina frå Kharkiv.

Dei fortel at dei ikkje hugsar korleis ein vanleg dag var i Ukraina før krigen. Men dei hugsar første dagen av krigen.

– Vi trudde det var fyrverkeri, seier Arina. Kharkiv ligg langs grensa mellom Ukraina og Russland.

FYRVERKERI: Då krigen starta, trudde Arina og dei ho var saman med at det var fyrverkeri. Ho kjem frå Kharkiv, som er eit område langs grensa til Russland. Foto: Vilde Standal Bøyum

Arina, Darja og Polina likar seg godt i Noreg, og nokre ting tykkjer dei er betre her i nord, men dei saknar heimlandet sitt.

Tre kjappe

Det beste med Noreg er…

– Skulen og mange vener, seier Arina.

– Bra utsikt, seier Polina.

– Mykje natur og skog, seier Arina.

– Alle fjella, seier Darja.

SKULEN: Arina, Darja og Polina tykkjer skulen er betre i Noreg. Foto: Vilde Standal Bøyum

På fritida gjer de…

– Lekser, seier Arina.

– Søv, seier Polina.

– Speler på PlayStation, seier Arina.

– Speler på telefonen, seier Darja. Det gjer Polina òg.

SKULELEI?: Nei, Arina, Darja og Polina er ikkje lei av skulen. Dei får faktisk mindre lekser i Noreg enn Ukraina, noko dei er glade for. Foto: Vilde Standal Bøyum

I framtida skal de…

– Vere god i norsk, seier Arina.

– Bli kunstnar, seier Darja.

– Bli grafisk designar, seier Polina.

Artikkelen er ein del av prosjektet vårt «Krig og fred», og er støtta av Fritt Ord.