Orkanen var definert som ein kategori 5 storm. Denne kategorien er den verste på skalaen, og betyr at ein storm er ekstremt farleg og kraftig.
I eit intervju med Sky News fortel ministeren for energi og samferdsel, Daryl Vaz, at stormen jobbar seg gjennom Jamaica.
– Ikkje mykje overlever ein kategori 5 orkan når det kjem til infrastruktur, seier han i intervjuet frå tysdag.
735 000 menneske evakuert
Melissa nådde Cuba i morgontimane i dag onsdag, og er eskalert ned til kategori 3 orkan. Dette er framleis ein veldig sterk og farleg orkan, og 735 000 menneske er evakuerte.
Etter Cuba vil stormen gå vidare til Bahamas og kanskje Bermuda.
Det er mogleg at Noreg vil kjenne på restane av stormen neste veke.
Vindstyrke
Stormen har blitt måla med vindstyrke rundt 72 meter i sekundet. Til samanlikning, då ekstremvêret Amy råka Noreg i starten av oktober var det sterkaste målte vindkastet på 62 meter i sekundet.
Vindkast er plutselege, sterke augneblink med kraftig vind. Vindstyrke er rekna som vind som vil vare i eit bestemt tidsrom, ofte rekna til ti minuttar.
Derfor er ein vindstyrke på 72 meter i sekundet ein god del meir ekstremt enn vindkast på 62 meter i sekundet.






















