Verdas minste land, Vatikanstaten, har ikkje søkt om å få bli med, og er dermed ikkje medlem av Dei sameinte nasjonane – FN.
Fleire andre land kunne gjerne tenkt seg å bli medlemmar, men får ikkje bli med fordi mektige land nektar dei det. Dette gjeld Palestina, Kosovo, Taiwan og Vest-Sahara.
Mektige land bestemmer
Noreg og fleirtalet av landa i verda har anerkjent Palestina og Kosovo som eigne statar. Det mektige Tryggingsrådet i FN har fem faste medlemmar: USA, Russland, Kina, Frankrike eller Storbritannia. Desse kan legga ned veto mot alle forslag – inkludert nye medlemmar. Det betyr at dei kan stoppa forslaga.

USA ønskjer ikkje å anerkjenna Palestina før Israel gjer det.
Og Russland og Kina ønskjer ikkje å anerkjenna Kosovo, fordi dei er vener med Serbia som Kosovo tidlegare var ein del av.
Omstridd
Taiwan utanfor Kina er heller ikkje medlem av FN. Landet som kallar seg Republikken Taiwan, var medlem av FN til oktober 1971. Då vedtok generalforsamlinga i FN at Folkerepublikken Kina på fastlandet skulle overta setet til Taiwan i forsamlinga. Noreg ser i dag på Kina som eitt land, inkludert Taiwan.
Noreg har ikkje anerkjent Vest-Sahara enno, og landet blir i dag styrt av Marokko som ein koloni. Dei har heller ikkje fått bli medlem av FN.






















