12-åring nominert til aller første Ibelinpris

Medietilsynet skal arrangere Ibelinprisen for aller første gong. Den yngste nominerte til å få prisen er 12 år gamal.

Ibelinprisen har eitt formål: setje merksemda mot nokon som gjer ein flott innsats for online gaming.

Namnet kjem frå gamaren Mats Steen som brukte «Ibelin» for karakteren sin i spelet World of Warcraft. Han var fødd med ein sjukdom som til slutt enda med at musklane i kroppen hans braut ned til han ikkje lenger kunne overleve. Sjukdomen heiter Duchennes muskeldystrofi.

Skal få fram gode rollemodellar

No er 15 personar nominerte, og den yngste er 12 år gamal. Det er berre barn og unge i aldersgruppa 9–18 år som kan bli nominert til Ibelinprisen.

REVEN: Ein rev er blitt logoen for Ibelinprisen. Mats Steen vart kalla «The Fox» av ein gamingven. Venen sendte ein kosedyrrev til Mats. Ifølgje pappa Robert vart Mats veldig glad for denne. Foto: Medietilsynet

Medietilsynet skal dele ut prisen, og dei som får han er personar som har vist seg som gode rollemodellar i gaming-universet. Det var dette Mats Steen vart for sitt gaming-miljø.

Derfor er målet med prisen å oppmode til fleire positive rollemodellar på nettet. Mats Steen sin pappa, Robert, er ein del av juryen som skal bestemme kven som får prisen.

– Prisen skal løfte fram dei som gjer det vesle ekstra for andre i spelmiljøa. Eg håpar at prisen òg vil få fleire vaksne til å sjå kva slag positiv kraft gaming kan ha i ein ung person sitt liv, sa Robert om prisen då den vart annonsert for nesten eitt år sidan.

SKAL BLI TRE: 6. november skal dei siste tre finalistane annonserast. Ibelinprisen vil bli utdelt til éin av dei 12. november i Fredrikstad. Foto: Privat | Medietilsynet

Her er dei nominerte:

  • Oliver Rogstad Dørum (fødd 2008) frå Operasjon Firkløver
  • William Rømma (2010) frå eFiks Gaming
  • Ronja Øvstrud Thorberg (2008) frå Kongsberg Vitensenter – Gaming for jenter
  • Mathias Tuurmaa (2011) frå Ny-Krohnborg Ung
  • Kristian Lien (2007) frå Flytårnet fritidssenter
  • Thomas Jenssen (2011) frå MainQuest esport
  • Sondre Pedersen Gjerde (2009) frå Unge Stormen
  • Ragna Kjønnås Rennehvammen (2007) frå Fritid Færder
  • Theo Delaas Ljunggren (2013) frå Fritid i Fredrikstad Østsiden
  • Sindre Langset (2011) frå Ringebu Ungdomshus
  • Benjamin Wilson Hannigan (2010) frå Trikkehallen Kultur- og Ungdomshus
  • Marcus Berntsen Fagerli (2010) frå CUE
  • Arian Gundersen (2013) frå Grasroda ungdomsklubb
  • August Donald (2011) frå Bakgården
  • Robin Garberg Hagen (2008) frå Rubinen