– Dette er ein avgjerande augneblink for folk i Gaza, seier Martin Frick, WFPs representant i Tyskland, Austerrike og Liechtenstein.
– Våpenkvila må no føra til sikre grenseovergangar og klara tryggingsgarantiar for transport av hjelp. Kvar time tel, legg han til.
Stort behov
Tidlegare opplyste FN at 60 000 tonn mat stod klare til å kryssa grensa, og at 100 000 tonn til var på veg, ifølgje NRK. Delar av denne maten har no kome inn i Gaza, men framleis er behovet mykje større enn det som slepp inn kvar dag.
WFP reknar med at det trengst over 60 000 tonn mat kvar månad for å forsyna heile befolkninga.
Israel kontrollerer grensa til Gaza og må både gi løyve til leveransane og sørgja for tryggleiken til konvoiane – altså lastebilar som køyrer saman for å verna kvarandre.