3 enkle reglar for trygg bruk
- Snakk helst med robotvennen saman med ein vaksen.
- Om du pratar åleine: ikkje snakk for lenge, og ikkje del løyndommar.
- Viss robotvennen seier noko dumt eller skummelt: sei ha det og snakk med ein vaksen.
Framtida Junior har snakka med Marita Bjaaland Skjuve som er forskar i SINTEF Digital. Ho jobbar med å undersøkja korleis menneske og smart teknologi snakkar saman – som til dømes når barn bruker kunstig intelligens (KI) og chatte-robotar.
Marita kan mykje om korleis me tenkjer og føler, og ho har laga ei stor forskaroppgåve om vennskap mellom menneske og slik teknologi.
– Ein robotvenn er ein maskin eller eit dataprogram som kan snakka med deg. Den kan ofte verka snill og hyggjeleg, fortel ho.

Ein robotvenn kan kjennast som ein ekte ven for nokre barn.
– Hjernen vår kan bli lurt når noko liknar veldig på eit menneske. Viss robotvennen snakkar på ein måte som minner om ekte venner, kan det kjennast som om den er ein ordentleg venn sjølv om den eigentleg berre er ei datamaskin, seier Marita.
Ikkje laga spesielt for barn
Robotvenner kan seia mykje forskjellig, og det er ikkje alltid lett å vita kva som er greitt og ikkje.
– Det kan vera gøy og spennande å prata med ein robotvenn, og ofte seier den hyggjelege ting. Men robotvenner er ikkje laga spesielt for barn, fortel Marita.
Av og til kan dei seia noko rart, feil eller kanskje skummelt utan å meina det.
– Då kan det kjennast dumt eller vondt. Av og til kan det også vera vanskeleg å slutta å snakka med ein robotvenn – anten fordi det er gøy, eller fordi ein blir redd for at roboten er einsam (det er han ikkje), seier Marita.
Det er derfor lurt å snakka med robotvenner saman med ein vaksen.
– Saman med ein vaksen blir det tryggare og lettare å forstå det som skjer. Viss robotvennen seier noko du ikkje liker, er det viktig at du seier frå til ein vaksen, til dømes mamma eller pappa. Dei kan forklara kvifor det skjedde og hjelpa deg så det ikkje blir ubehageleg igjen, fortel ho.






















